Kvifor Jostedalen

Landskapet i Jostedalen

Jostedalen er djup med bratte dalsider. Han er djupt nedskåren og går gjennom eit stort bre- og fjellandskap. Jostedalsbreen dekkjer høgfjellsplatået på vestsida i dalens fulle lengd og vel så det. På austsida, mellom Jostedalen og Sognefjellet, ligg Breheimen, eit nærast arktisk område med høge fjell og brear, med mellom anna Spørteggbreen som ligg i overkomeleg ski- eller gåavstand frå veg.Det høgaste fjellet i dalen er Lodalskåpa (2083 moh) som me rett nok deler med stryningane. Av andre kjende landemerke i dalen har vi Brenibba (2018 moh), Høgste Breakulen (1957 moh) og Vangsen (1757 moh). Sistnemnde er å rekne som dalens nasjonalfjell. Herfrå kan ein sjå ned på sentrum i dalen, Gjerde, 200 moh.

 


Jostedalsbreen er den største samanhengande snø- og ismassen på det europeiske fastlandet og består av eit stort breplatå som ligg mellom 1500 og 1900 meter over havet. Det er her breen har sitt største areal. Men det er likevel dei mindre brearmane som strekkjer seg ned i dalane kring breen som får mest merksemd. Den mest kjende av desse er Nigardsbreen som strekkjer seg heilt ned til 300 moh og er Jostedalen sin viktigaste turistattraksjon.

 

Dalen ligg i eit nedbørrikt område, men har forholdsvis turre og varme somrar. Mesteparten av nedbøren kjem nemleg på seinhausten og om vinteren. Det tyder at han kjem som snø – eit stort pluss for alle som likar å gå på ski. Nedbørmengdene og breane har, saman med dei store høgdeforskjellane, gjort at området ligg godt til rette for vasskraftproduksjon. Kraftutbygginga som fann stad på 1980-talet har etterlate fleire anleggsvegar som gjer det lettare for folk å komme seg til fjells både sommar og vinter.