Kvifor Jostedalen

Kulturen i Jostedalen

Jostedalen har eit yrande friluftsliv, men òg eit mangslunge kulturliv. Den faste fredagspuben på kaféen på hotellet og sommar-brepuben på Breheimsenteret er viktig både for unge og gamle. I Jostedalen er det tradisjon for å møtast ute, og det gjer det enkelt å bli kjend med folk.

 

Det er lett å få til nye ting i Jostedalen. Synest du at du manglar ein fritidsaktivitet, så startar du berre ein. Men om du vil, kan du gå på eit organisert tiltak mest kvar dag: Måndag kan du vere med på danseøvingar eller på dametrim. Tysdag kan du velje mellom dans på hotellet og miksa basket-trening i samfunnshuset. Same kvelden kan du òg sende ungane på barnetrim eller ta deg eit bad i bassenget. Du kan òg setje deg ned med ein vaffel i samfunnshuset, på ein dugnadskafé som Bygdelaget driv. Onsdag er det igjen kafé i samfunnshuset, i tillegg til barneteaterøving, bading og fotballtrening for vaksne menn og kvinner, og om vinteren er det skikarusell for ungane i lysløypa ved samfunnshuset. Torsdag er det handarbeidstreff. Fredagar er det pub på hotellet, quiz med jamne mellomrom og brepub om sommaren.

 

Skigåar                      Kaffi                       Strå