Kvifor Jostedalen

Til Utleige


 

Hus i Elvøy

Huset har god standard og ligg fint til på Elvøy i Jostedalen. Herifrå er det omlag 10 min med bil til skule og daglegvare/hotell og omlag 15 minutt med bil til kommunesenteret Gaupne.

Huset har stove, kjøkken, bad, vindfang og gang i 1. høgda og 3 soverom og gang i 2. høgda og er  pussa opp ut og innvendig i 1999. Kjellar på 70 m2 er ikkje innreia. Elles på eigedommen er der inntil eine husveggen ein vedaskåle på 20m2 frå 1999 og garasje på 40m2 frå 1982. Rundt huset er det ein stor hage.Det kan vere aktuellt å selje. For meir informasjon ring Stein Fossen tlf: 917 77 235

Fleire bilete

Gjerde 

Gjennomgangsbustaden i byggjefeltet på Gjerde

To heilt nye, separate husvære. Husværet med to soverom vert ledig august 2009.
Gode utvendige boder med god plass til ski. Flott utsikt til topptur nummer ein, Vangsen. Desse leilegheitene vert utleigd av Luster kommune.

 

Les Meir Her

Sokkel Gjerde

Sokkelleilegheit i byggefeltet på Gjerde

Heilt ny leiligheit i nytt hus i byggjefeltet. Eiga garasje med god plass til sportsutstyr og flott utsikt mot topptur-mål nr ein, Vangsen. Leilegheita har to soverom, eitt disponibelt rom, stove, bad, vaskerom og kjøkken. Leilegheita er handikaptilpassa. Innflyttingsklar sumar 09

 

For meir informasjon ring Ronny Aasen tlf: 41616155