Kvifor Jostedalen

Jostedalen er bloggebygda. Her bloggar både gamal og ung, og desse bloggane fungerer som diskusjonsarenaer og møtestader. Her vert alt frå opplysningar om villrein og matoppskrifter til løypeinfo og turskildringar lagt ut på nett og diskutert. Her finn du lenkjer til jostedøler sine bloggar.




Skimannen

Jostedalens fyrste skiblogg. Ein av Norgesguidane. Topptur med hund (men utan dame), skeiser og klatring. Rapportar og webkamera frå vêrstasjonen i Bukve.

> Gå til bloggen


Bjørnar

Om skiturar og skiskreiing i Jostedalen, Leirdalen og Jotunheimen (med dame). Isgrotter, ordskifte om skiutstyr, snøtilhøve og generelt rør. Bilete og videoar.

> Gå til bloggen


Anne Marte

Sporti jente med blogg frå Breheimen, Brasil og bygda. Jenteturar, breturar og toppturar og fine bilete.

> Gå til bloggen


Hellebø

Jostedalens viktigaste faktablogg. Her sjekkar alle jostedøler temperatur, snøtilhøve og løypekøyring. Overjordisk vakre bilete frå tid til anna.

> Gå til bloggen


Jostedalsrypa

Intimitetstyranni om småbarnslivet kombinert med sure oppgulp om fylkespolitikk og fylkesmedia. Månadens dikt og den faste spalta ’Naturen er kulturens heim’.

> Gå til bloggen



Luster - Breheimen Villrein blogg

Kultur- og naturhistorie frå Jostedalen. Yndlingstema: Villrein, fiske, folkemusikk, hjortejakt og Breheimen nasjonalpark.

> Gå til bloggen


Bakken

Avslørande bilete og spørjetevlingar frå festlege hendingar i Jostedalen før i tida. Rapportar om smått og stort som skjer i bygda. Vene bilete frå garden Bakken.

> Gå til bloggen


Arve Tvedt

Internasjonal tindevegleiar. Om somrane er han ved Jostedalsbreen, denne vinteren syklar han Malaysia på langs. Held seg helst i India, Nepal og Jostedalen.

> Gå til bloggen


Lauvhaug

Friluftsliv og anna liv med fem ungar. Bloggaren sjølv, far i huset, seier at han er ”lang, slank og bur på Lauvhaug”.


> Gå til bloggen


Krundalsbloggen

Blogg frå Krundalen, fagraste u-dalen i verdi. For deg som er interessert i jostedalshistorie, språkhistorie og andre nerde-greier. Hurra for Ivar Aasen.

> Gå til bloggen


Kalvatreet

Samfunnsliv og politikk, vêr- og turtilhøve blogga frå Lillehammer og Kalvatreet øvst i Mjølversgrendi i Jostedalen.Ein arkitekt/biletkunstnar og ein tindevegleiar/breførarsjef står bak.
> Gå til bloggen


Karin

Sex- og singelliv frå ein fjøs på Gjerde i Jostedalen. Og ein heil del meir om dame-, bonde- og bygdeliv. Flotte bilete av kyr, traktorar og hestar.

> Gå til bloggen