



Veret kunne ikkje vore betre for dei 4 dagane med Brefestival i Jostedalen fyrste helga i juni. Og med slikt fint vêr vert alle turane under festivalen høgdepunkt. Biletet er frå turen til Lodalskåpa fredag (foto: Jostein Aasen) På Hytta på mannen (1550 moh) laurdag var stemninga nærast magisk stemning då Erlend Loe las frå si bok ”Jotunheimen”, for dei 20 som hadde teke turen opp.
Posta av Marit Tennø , 01.01.70.
Posten har 0 kommentarar.
> Les heile artikkelen
Veret kunne ikkje vore betre for dei 4 dagane med Brefestival i Jostedalen fyrste helga i juni. Og med slikt fint vêr vert alle turane under festivalen høgdepunkt. Biletet er frå turen til Lodalskåpa fredag (foto: Jostein Aasen) På Hytta på mannen (1550 moh) laurdag var stemninga nærast magisk stemning då Erlend Loe las frå si bok ”Jotunheimen”, for dei 20 som hadde teke turen opp.
Lenge trudde eg og Anne Marte at me hadde påskefjellet for oss sjølve i dag. I strålande sol tok me oss opp til Spørteggbu heilt uvitande om at me hadde spreke Birkebeinarar og 60- åringar med breie ski bak oss.
Det var berre å putte hue, vottar, genser og jakke i sekken. Strålande sol og varmt, utan eit vindpust og endelaus utsikt. Når påskestemninga kjem i februar er skiturar som dette lukke.
Nett no skin det opp att her, etter fyrste snøfall på ein månad. Eg og Anne Marte lurte oss til ein liten føremiddagstur i dag i både sol og snø.