Kvifor Jostedalen-Peder KjærvikKarin GjerdeEli BjørhusdalFrank SmedegårdMarit Tennø
Tysk MC-treff i Jostedalen

Tysk MC-treff i Jostedalen

Om nokre få dagar kjem dei velkjende mc-køyrarane frå Tyskland på det årlege vintertreffet sitt. Dei trivst betre di kaldare det er, og etter langtidsvarselet å dømme får dei idealtilhøve her. Akkurat no er det -12 og tett snøver...

Posta av Peder Kjærvik , 04.02.10.
Posten har 0 kommentarar.


> Les heile artikkelen

Eldre Artiklar
Skikarusell i dag

Skikarusell i dag

av Marit Tennø, 02.02.10 - 0 kommentarar.

No er heile løypa rundt samfunnshuset køyrd opp og klar til skikarusell i kveld. I går var dei er gjeng ivrige karar nede og la finpussen på løypa, med kvisting og spaing av snø der det var litt lite. I går var til og med krinsmeisteren å sjå i det framifrå sporet.

Håvard tok gull

Håvard tok gull

av Peder Kjærvik, 01.02.10 - 0 kommentarar.

Håvard Ruud vart i helga gullvinnar i KM sprint. Rennet gjekk på Tua i Eid. Flott jobb, Håvard, og lukke til i neste renn!

Kajakkrulletrening fredag

Kajakkrulletrening fredag

av Marit Tennø, 28.01.10 - 0 kommentarar.

Fredag kl 1900 vert det trening på kajakkrulle att i bassenget på samfunnshuset i Jostedalen. Arne klarar no å rulla utan åra, Magne si rulla sit som eit skudd og Gry er nær og tøffare enn toget! Dette er kjempe moro! Bli med du og! Som før, Sigrid stiller med utstyr, 100 kr på kvar. Meld i frå om du vil vera med til Sigrid 91197547 eller sigridhenjum @gmail.com

Kjerringtur

Kjerringtur

av Marit Tennø, 27.01.10 - 0 kommentarar.

Nett no skin det opp att her, etter fyrste snøfall på ein månad. Eg og Anne Marte lurte oss til ein liten føremiddagstur i dag i både sol og snø.