Kvifor Jostedalen

Moglegheiter

Det finst mange mogelegheiter for arbeid i Jostedalen.

 

Store jobbmarknader ligg ikkje langt ifrå: Leikanger, Sogndal og Gaupne er i pendleavstand. Dei to store næringane i Jostedalen er jordbruk og turisme (om sommaren). I tillegg til sørvisarbeid og kommunalt arbeid i heimetenesta, på eldreheimen, på skulen og i barnehagen er det to verksemder i dalen: Jostedal Industrier som produserer operasjonsbord, og Bionordic som er den einaste produsenten av pelletsomnar i Noreg. Dei som ikkje er sysselsette i desse bransjane pendlar ut av bygda, anten til Gaupne eller til Sogndal. Dei siste åra har me likevel sett at mange har teke med seg arbeidsplassen sin til Jostedalen. Fleire av desse har no fått eit sams kontorfellesskap.