
I Jostedalen er der to større verksemder. Jostedal Industrier produserer operasjonsbord og Bio Nordic er den einaste pellestsomnprodusenten i Noreg. Elles er dei fleste andre verksemder knytte til reiseliv og har mest aktivitet om sommaren.
Bur du i Jostedalen er både Gaupne og Sogndal naturlege arbeidsmarknader. Gaupne er om lag 30 minutt i bil frå sentrum i Jostedalen. Det er kommunesenteret med alle kommunale tenester og handlemogelegheiter. Her finst òg større verksemder som Statkraft , LMI og Avery Dennision NTP. Til Sogndal er det i underkant av ein time å køyre. Her finn du både handel og andre sørvisinstitusjonar ved sidan av Høgskulen i Sogn og Fjordane , Vestlandsforsking , Sogndal folkehøgskule, Sogndal vidaregåande skule og det nyoppretta Distriktssenteret.
Fleire i dalen arbeider òg offshore, anten som industriklatrarar eller boredekksarbeidarar.
Om du er viljug til å reise eit lite stykke lengre er òg Leikanger ein aktuell arbeidsmarknad Her finn du fleire fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar. Her er til dømes fylkeskommunen sin administrasjon , Statens Vegvesen, noreg.no, mi side.no. Til Leikanger brukar du om lag 1 time og 20 min frå Gjerde i Jostedalen.