Kvifor Jostedalen

Eiga Bedrift

Luster er ein velståande kommune og har gode tilskotsordningar for dei som ynskjer å starte si eiga bedrift.


> Les Meir om tilskotsordninga her.


Det er mange døme på at folk har teke med seg sin eigen arbeidsplass til Jostedalen. På Gjerde har Bygdelaget etablert eit kontorfellesskap i lokala til Jostedal Industrier og Bionordic. Her er det framleis plass til fleire. Til no sit der ein brønndataanalytikar, ein phd-stipendiat, ein kommunikasjonsrådgjevar og ein som driv med biovarme.

Fleire i dalen driv sine eigne turistverksemder. Me snakkar om alt frå større verksemder som Jostedalen Breførarlag som i sommarsesongen har tilsette frå alle verdshjørne, til mindre føretak som til dømes Icetroll som driv med padling og brevandring og Fimbul som har størstedelen av verksemda si om vinteren. Fjellføringsfirmaet Norgesguidene er òg aktivt i Jostedalen og har fleire tilsette her.