![]() |
Marknadshelg til helga
av Marit Tennø, 12.07.10. Til helga er det endeleg marknad. Skathelle, lykkehjul, sandvolleyball, grilling, gamle ungaleikar og mykje meir. Heile programmet finn de under. Biletet er frå Skathellekastinga under marknaden i fjor. |
I ein dal inst i ein fjord ligg bygda som kan oppfylle draumar.
Drøymer du om meir og heftigare uteliv i bratte fjellsider og kvite dalar? Jostedalen har ingen skitrekk, ingen store hyttebyar, 420 fastbuande og meir snø enn du kan drøyme om. Ynskjer du å leve draumen?
Drøymer du òg om eit sosialt uteliv? I Jostedalen møtest me heile året på Lailas kafé for å drikke øl, diskutere, ta middagen og quize. Om sommaren er det kaffi, kaker og brepub på Breheimsenteret.